Tenester

Vedlevering og produksjon

Me sel turr bjørkeved som er saga og kløyd i Eidfjord. 1000 liter sekk eller 60 liter sekkar. Lett tilgjengeleg der du treng det. Me køyrer også ut ved.

Me har satt opp vedbod på Maurset Landhandel. Her kan du hente dei sekkene med ved som du treng, og betale på Vipps.

60 liter sekker kr 150,-

1000 liter sekker kr 1600,-

Snørydding og brøyting

Trengdu rydda veg fram til hytta? Eller å få måka tak eller terrasser?

Me tek på oss alle typar brøyteoppdrag med ein allsidig maskinpark og sterke armar.

Treng du ein fast avtale om snørydding så passar me på at alt er klart til du kjem.

Tømrararbeid og maling

Eidfjord Bygdaservice er tilknytt tømrarar og malarar som kan ta på seg nybygging og vøling. Treng du ein ny terrasse eller ei bod? Eller eit strøk med beis på hytta?

  • Skifting av dører og vindauger
  • Bygging av terrasser
  • Skifte av kledning
  • Maling og beising inne og ute
  • Tilbygg og påbygg
  • Takarbeid
  • Vedlikehald av torvtak
  • Montering av takstiger

Transport og vakmeisteroppdrag

Sommar og vinter kan me ta på oss transport og vaktmeisteroppdrag. Både på førespurnad og som faste avtalar. Me køyrer bil, traktor og snøskuter fram til din eigedom.

  • Varelevering
  • Tilkøyring av ved
  • Levering og henting av kvitevarer

Med arbeidsområde i heile Eidfjord hjelper me fastbuande og hytteeigarar.

Har du ein hekk som treng trimming? Eller ein plen som snart er jungel?

  • Kantslått
  • Trimming av hekk og buskar
  • Plenklypp
  • Trefelling
  • Ymse hagearbeid